Plateselskapet ta:lik seier om dette albumet at: Per Anders Buen Garnås dreg på ei tidsreise til bygda Seljord i 1935. Verkemiddel er ei hardingfele og solid kunnskap om legendariske spelemenn. På plata møter du tidsuttrykk frå forne tider. Meisterspelemann Per Anders Buen Garnås har konsentrert seg om korleis det ville vera å koma til Seljord ein gong i 1935. Her får du møte musikken til spelemenn som Eilev Smedal (heime på besøk frå USA), Eivind Mo, Høye Kvåle, Kjetil Flatin, Manheimspelemennene og sjølvaste Torkjell Haugerud. Alle desse var samla i Seljord dette året. I 2010 vann Per Anders Buen Garnås Landskappleiken (NM i folkemusikk) på hardingfele for andre gong. Denne plateutgjevinga var ein del av premien til vinnaren. Produksjonen har fått terningkast 6 i bladet Folkemusikk og 5 i Varden og Telemarksavisa, og var nominert til Folkelarm-pris 2011, i klassa for solo.
I platemeldinga i bladet Folkemusikk skriv Sigbjørn Apeland: ”Å nytta særskilde årstal eller tidsperiodar som utgangspunkt for konsert- eller plateproduksjonar er først og fremst noko dei ’klassiske’ musikarane har drive med. Folkemusikarar er gjerne opptekne av særskilde kjelder og geografiske område, men eit så tidsmessig konsentrert fokus som dette er noko nytt. Utgangspunktet var ein premie (plateproduksjon for vinnaren i A-klassa i hardingfele under Landskappleiken 2010), og eit oppdrag (frå plateselskapet ta:lik) om å tematisera produksjonen rundt bygda Seljord. I fylgje det svært informative og velskrivne tekstheftet (spelemannen briljerer med sin fagprosa!) var 1935 eit år der det krydde av gode spelemenn i Seljord. Alle slåttane på plata har såleis dette utgangspunktet. Buen Garnås har lært direkte av Eivind Mo. Elles har han lært slåttane etter opptak med Torkjell Haugerud, Høye Kvåle, Kjetil E. Flatin, Eilev Smedal og fleire. Opptaka er gjort i Bø kyrkje, og teknikar Anders E. Røine har funne den gode balansen som gjer at spelet kjennest nært samstundes som rommet kling med. Spelet er dynamisk, men utan at det verkar teatralsk og poserande. Både rytmisk og klangleg er det noko lett over spelet som vitnar om ein sterk kombinasjon av kontroll og overskot til å formidla. Som heilskap er denne produksjonen eit glimrande døme på at eit historisk, nærast musealt utgangspunkt av ein god spelemann kan la seg omsetja til levande spel på høgaste nivå."