På plata "Salme, segn og solbøn" dukkar syskjenparet Ingvill Marit Buen Garnås og Per Anders Buen Garnås ned i dei mange spennande, religiøse laga i folkemusikken. Ulike religiøse straumdrag har til alle tider sett merke etter seg i folkemusikken og i munnleg tradisjon knytt til denne.
Førkristne og katolske motiv har smelta saman og levd vidare i songar og segn til lenge etter reformasjonen og fram til i dag. Salmar og bedehussongar blei etter kvart integrert i folkesongtradisjonen, i somme tilfelle på kostnad av eldre stoff. Ein får høyre spennet frå eldgamle solbøner, kivlemøyar og domedagsslått til mellomalderballader og meir kjende salmer av Hans Adolph Brorson, Peter Dass og Elias Blix. Ingvill Marit Buen Garnås (kveding) og Per Anders Buen Garnås (hardingfele) er idag rekna for å vera to av dei fremste folkemusikkutøvarane i landet. Dei er sterke tradisjonsberarar med rotfeste i Telemark, og har tidlegare gjeve ut fleire cd-ar. Båe to har også inngåande kjennskap til tradisjonen og historiene knytt til musikken og tekstane.
"Salme, segn og solbøn" vann Folkelarm-pris i 2010, og blei nominera til Spellemann 2011. Produksjonen fekk m.a. terningkast 5 i VG, Østlendingen og Telemarksavisa.