Plateselskapet ta:lik skriv dette om denne CD-produksjonen: "Per Anders Buen Garnås kjem her med ei fantastisk flott plate med solo hardingfele. Denne gongen har han laga alle slåttane sjølv, noko som er sjeldan innanfor for norsk hardingfeletradisjon. Vi er stolte av å kunne presentere denne samlinga!"
Per Anders skriv i coveret: "Heilt frå eg var ein liten smågut har det å dikte ny musikk for meg vore ein heilt naturleg del av det å musisere. I familien har det å skapa og tilføre noko eige alltid hatt høg status, og mange av mine førebilete har vore slåttediktarar. Det er bare å nemne slike som t.d. Johannes K. Dahle, Olav S. Løndal og Eivind Mo – for å ikkje snakke om grandtante Bergit Tjønn og onkel Knut Buen. Dette er døme på inspirerande slåtte-diktarar i telemarkstradisjonen frå det siste hundreåret som eg har hatt høve til å møte eller bare å høyre på opptak. Så har ein også blitt flaska opp på historiene om alle dei segnomsuste spelemennene frå eldre tider som har odla fram ting som me nyt av den dag i dag. Somme av desse spelemennene har bare nokre små, men svært verdfulle smykkeskrin etter seg, mens andre har etterlate seg heile gullgruver. Felles for dei alle er at dei har hatt eit ibuande behov for å uttrykkje seg, og at dei har sett djupe spor etter seg ved å nytte det som for dei har vore det mest naturlege tonespråket; nemleg det som i dag blir kalla folkemusikk. Folkemusikk har også for meg vore det mest nærliggjande å taka i bruk når dette behovet har meldt seg, da dette er den musikken eg fyrst blei kjend med og veldig interessera i. Og uttrykksbehovet har tydelegvis lege der støtt. Eg trur eg byrja å leike meg med å laga mitt fyrste forsøk på ein slått da eg var kring ti år. Men eg likar likevel ikkje å kalle meg komponist, da eg sjeldan eller aldri set meg ned for å komponere nye slåttar. Eit gjennomgåande omkved er at motiva og slåttane som oftast plutseleg openberrar seg, brått og uventa, utan at eg i det heile veit kvar dei kjem i frå. Difor blir det også litt rart å seie at ein har dikta desse slåttane, men ein kan kanskje seie at ein har kome på dei. Så har eg også kome på at dette umogleg kan ha noko vedvarande verknad for andre enn meg sjølv om ikkje folk får høve til å høyre og setje seg inn i desse påkoma. Difor gjev eg folk den moglegheita med denne CD-en. Har eg vore heldig er det til og med einkvan som høyrer noko dei likar eller finn interessant. Og om så skulle vera har jo plutseleg desse slåttane fått høve til leva sitt eige liv utanfor det jordsmonet dei vaks opp av."
Greinir vann FolkeLarm-pris og blei nominert til Spellemann.