Slåttane på Åleine, og no på Anno 2001, blei spela inn i stor respekt for dei gode kjeldene eg har vore heldig både å få oppleva og å få lære av. Den gongen kan det nok òg hende eg i somme tilfelle var nærare mange av desse legendene enn eg er no – iallfall var eg det i tid.
Fleire av desse sterke, levande inspirasjonskjeldene gjekk nemleg bort ikkje lenge før eller etter at innspelinga blei gjort. Andre blei med åra mindre aktive kring tusenårsskiftet grunna alderdom og plager dét fører med seg. Den tradisjonelle læremeister-elev-situasjonen eg til no hadde vore bortskjemt med å få taka del i var ikkje lenger like tilgjengeleg.
Mykje av målet med produksjonen frå 2001 var altså å hylle desse viktige inspirasjonskjeldene eg hadde hatt frå gutedagane av, og oppigjennom tenåra.
Vidare la eg vekt på å spela inn sjeldne slåttar - slåttar det ikkje er så ofte å høyre frå ein kappleik- eller konsertscene, men som felespelarar gjerne kosar seg med åleine med fela. Ein god del av desse slåttane hadde aldri tidlegare blitt gjeve ut då dei blei spela inn, og nokre av slåttane på Anno 2001 er med på ein CD for fyrste gong også no 20 år etterpå.
Ein annan tanke bak Åleine var å fokusere på slåttar frå meir moderne tid. Dette for å synleggjera at slåttemusikken stadig er og har vore eit naturleg uttrykk for skapande musikarar heilt opp til våre dagar.
Difor spela eg også inn springarar og gangarar laga av nolevande slåttediktarar, eller tonekunstnarar som levde tett opp mot tusenårsskiftet.
Fleire av desse komposisjonane er med på Anno 2001.

Om slåttane på Anno 2001
1. Luråsstubben, gangar
Denne gangaren skriv seg tilbake til Knut Lurås (1782-1843) frå Tinn i Telemark. Han var eit viktig føredøme for til dømes Møllarguten (1799/1801-1872) frå Sauherad/Arabygdi, og ein særs viktig læremeister for Håvard Gibøen (1809-1873) frå Møsstrond.
Slåtten ber namnet sitt av den enkle grunn av at det blir rekna som ein liten stubb etter Luråsen.
Knut Lurås var ein stilskapar og eit heilt avgjerande bindeledd for den slåttemusikken som blir spela i Tinn og i resten av Telemark den dag i dag. Han var også god rosemålar og sanka inspirasjon og slåttar frå andre kantar av landet på spel- og rosemålingsferdene sine. Han la også att mykje der han fór.
Det finst ein variant av slåtten i Hardanger. Der blir han rekna som ein slått i tradisjon etter Oddmund Urheim (1816-1895). Leif Rygg spela denne inn på CD-en Vossaspel frå 2017 under namnet Rull etter Magnus Dagestad.
Det er uråd å seie om slåtten blei spela fyrst på aust- eller vestsida av Hardangervidda, men det framleis heilt tydeleg at dei utgåvene har det same utspringet.
Slåttekjelde:
Olav K. Øyaland (1922-2019) frå Tinn
2. Madsson, springar
Slåtten har òg blitt kalla Myllargutens springar, av di Håvard Gibøen skal ha lært han av Møllarguten. Knut Dahle (1834-1921) frå Tinn lærde han av Håvard og vidare til sonesonen Johannes K. Dahle (1890-1980), som Olav K. Øyaland lærde han av. Men eg har òg høyrt han blitt spela av mellom andre Eivind Mo (1904-1995) frå Rauland og av Torkjell Haugerud (1876-1954) frå Bø/Seljord.
Lensmann Olav H. Bernås (1812-1889) frå Tinn spela denne springaren i bryllaupet til Torstein Madsson på Myrefitjane i Tinn. Det var då denne springaren fekk namnet sitt.
Slåttekjelder:
Olav K. Øyaland frå Tinn, Torkjel Haugerud frå Bø/Seljord og Eivind Mo frå Rauland/Seljord.
3. Gangar etter Knut B. Sønstaul, springar
Knut B. Sønstaul (1771-1863) var morfar til Knut Dahle, og son til Brynjulf Olsson, som er den fyrste spelemannen me veit om i Tinn. Brynjulf skal ha kome til Tinn frå Numedal som gjetargut. Han var son av Ola Lett, som også skal ha vore spelemann.
I boka Som Gofa spølå av Knut Buen er Knut Dahle sitera, og der seier han dette om godfaren sin:
«Han var drivandes til o spølå. Det va vel noko beint mot det dem spølå no, men fart i det so det va lagsspelemann tå beste slag».
Vidare stend det om Knut:
«Knut var velvaksen og reint ein kjempekar, men han slost ikkje. Etter mor si arva han 80 dalar, men i ungdomen hadde han ei uroleg tid med turing og selskapsliv, og så fanta han bort arven sin. Men han var samvetsfull og gav seg ikkje før han hadde tent opp att pengane til han skulle gifte seg. Seinare var han varsam med alkohol, men heldt eit gjestfritt hus. Han gifte seg i 1799 med Birgit Gunnulvsdotter Svadde. Ho var av Ingulvslandfolka, same ætt som dei kjende Luråskunstnarane. Torgeir Øysteinson Ingolvsland var oldefar både til Knut Lurås og Birgit Svadde. Ho arva ein part i Svadde, det som er Sønstaul no, og i 1804 fekk dei skøyte på den gardparten. Etter den tid vart Knut mykje kalla «Sønstaul'n». Han var flink arbeidskar, og alt han tente med fela, bruka han til å gjeva familien trygge kår. Og enda hadde han noko å dele med andre.
«Det gjeng månge matmåltid o månge dramma på Sønstaul, men so har'n råd te det mæ, Sønstaulen», hermar dei etter Knut.
Knut Dahle har fortalt at Knut Brynjulvsson spela brudlaupet åt ein Knut Kråmviken, (frå Bakliden i Tinn). Meisterspelemannen Håvard Gibøen frå Møsstrond var ute i det militære da, men kom heim i tida så han og kona Mari kunne vera fygju (forlovarar). Alle i gjestebodet hadde gleda seg til å høyre Håvard spela, men han drakk til han låg der. Men Knut Brynjulvsson heldt seg i orden og spela som han var beden til, så ho sa så falne ord Kari Førnes : «Ja, han har ikkje drokkje bort målet sitt kånses spelemann». Knut var difor aldri fyllesjuk når han kom heim frå eit gjestebod. Han gjekk og sveiv lite grann, og så tok han til med kvardagsarbeid som vanleg, like frisk. «De kan ingen begripe hått fe lønske han førde med se», sa Knut Dahle.»
(Sitat slutt.)
Slåttekjelde:
Olav K. Øyaland
4. Håkanes-Førli, springar
I Dahletradisjonen i Tinn finst det fleire former av springaren som ofte går under namnet Grimeliden. Grimeliden var spelemannen Guttorm Olsson Grimelid (1757-1820) frå Krødsherad i Buskerud som Knut Lurås spela i hop med. Knut Lurås lærde truleg den eine av desse formene av honom. Ei anna form som blir spela i Dahletradisjonen er slik Knut Dahle lærde han av Gamle-Hans Fykerud (1823-1879) frå Bø.
Denne utgåva av slåtten er slik Olav Håkanes (1822-1908) og Hølje Førli (f. 1822, død i USA) skal ha spela slåtten, i følgje Knut Dahle.
Det har jamt vore mykje utveksling av spel bygdimellom. Det er det nå, og det var det før. Utvekslinga av slåttestoff mellom Bø og Tinn er eldgamal. *
Me veit mellom anna at Knut Dahle frå Tinn lærde mykje av Gamle-Hans Fykerud og andre spelemenn frå Bø, og me veit at spelemenn frå Bø lærde mykje av Knut Dahle og andre spelemenn frå Tinn.
Anund Roheim (1913-1999) frå Bø lærde Håkanes-Førli etter Johannes K. Dahle frå Tinn. På den legendariske plata «Vårlengt» med Anund er dette ein av slåttane. Bøheringen Gunnar Innleggen (f. 1940) lærde han etter Anund Roheim. Det å ha høyrt desse to spelemennene spela Håkanes-Førli har sett sitt preg på mi utgåve av slåtten. Men eg har òg lært han av den viktigaste læreguten til Johannes, nemleg Olav Øyaland.
Slåttekjelder:
Olav K. Øyaland, Anund Roheim og Gunnar Innleggen.
5. Luråsgangar
Denne slåtten er i slekt med ein slått i Hardanger som heiter Hamlagrøen, men skriv seg tilbake til Knut Lurås i Dahletradisjonen.
Slåttekjelde:
Olav K. Øyaland
6. Rakstejenta, springar av Johannes K. Dahle
Johannes K. Dahle var ein urokkeleg solid tradisjonsspelemann, men han var også ein utover det vanlege kreativ musikar og komponist. Han dikta kring 60 nye og svært originale slåttar. Mange av desse gjekk inn som ein naturleg del av repertoaret til felespelarar medan han ennå var høgst levande, og også etter han gjekk bort.
Rakstejenta var ein av slåttane hans som spreidde seg som eld i tørt gras medan han levde. Mellom anna til Anund Roheim, som spela Rakstejenta i Folkemusikkhalvtimen i NRK i 1975.
Då eg lærde slåtten av Olav K. Øyaland, nesten 25 år seinare, la Olav undervegs merkje til at eg var prega av slik eg hadde høyrt han i Bø, og påpeika: «Ja, slik gjer de det i Bø, men her spølår me´n slik...» utan at han slo hardt ned på kva som var rett og ikkje.
Allereie då hadde slåtten altså byrja finne seg ulike framtoningar i ulike område.
Eg la vinn på å lære originalen, men fann etterkvart ut at det var mykje fint i begge måtane å legge slåtten fram på.
Ein kan, i det minste, taka variasjonane frå Bø med her og der, så lenge det ikkje står i vegen for grunntanken bak slåtten, kom eg fram til.
Rakstejenta er kalla opp etter Elna Odden frå Atrå i Tinn, som var snill og hjelpte Johannes i slåttonna under krigsåra. Då Elna og mannen Øystein seinare hadde 25-årsjubileum sa Elna til Johannes: «Du kan væl lågå te ein lått om då e´ va´ her o´ reiv tindan oto´ riva so du måtte halde på tinde uppatt...»
Johannes tok ho på ordet og hadde laga mesteparten av slåtten ferdig til jubileumsfesten, og skøytte på litt seinare.
Slåttekjelder:
Olav K. Øyaland og Anund Roheim
7. Akkurat slik spela Pål, gangar
Dette er også ein slått som blir spela i fleire utgåver i Dahletradisjonen. Ein av dei er slik Knut Dahle lærde gangaren av Gamle-Hans Fykerud. Men denne forma er etter Knut Lurås, som spela mykje i hop med Pål Løytnantsdreng (1786-1867) frå Nore i Numedal, som Knut utveksla mykje slåttestoff med.
Namnet på slåtten kjem seg av følgjande historie, som Knut Dahle fortalde:
«Me sto i mollbenken utafe glaset o´ lydde. Gonlek Svadde spølå, o´ so såg me at han tok dansesteg bortover gølve´, o so sa'n: «Akkurat slik spølå Pål!»»
Slåttekjelde:
Olav K. Øyaland
8. Uppå Gaustafjell, gangar av Johannes K. Dahle
Johannes dikta denne slåtten etter å ha vore på Gaustatoppen ein gong:
«Der va´ so lett luft,» sa han.
I denne innspelinga la eg brått inn ein alternativ avslutning, noko som sikkert var med på å avgjera at eg ikkje tok han med på Åleine.
Slåttekjelde:
Olav K. Øyaland
9. Anders Buen, springar av Johannes K. Dahle
Etter at godfar min, Anders Buen (1910-1977) frå Jondalen og Johannes K. Dahle hadde vore i hop ein gong, dikta Johannes denne springaren. Bestefar hadde stor respekt for Johannes. Og Johannes må ha sett pris på honom òg, i og med at han dediserte denne springaren til honom. Ein visetone Gofa spela brente seg fast i minnet til Johannes, og utvikla seg etter kvart til denne springaren.
Einar (1914-2006) og Olav Løndal (1904-1986) var stadig i kontakt med Johannes, og lærde seg mange av slåttane hans. Dei oppsøkte Johannes stadig. Eine gongen hadde dei med seg ein bandopptakar som Tuddal Spelemannslag hadde kjøpt, og passa på å taka opp fleire av slåttane til Johannes på band. Ein av desse slåttane var springaren Anders Buen, som Olav lærde seg. Onkel Hauk (1933-2021) lærde seg slåtten etter Olav, slik slåtten blei etter å ha gått gjennom Olav si upåklagelege formsans.
Eg har lært denne både slik Johannes spela han sjølv og slik den kom ut frå Hauk sine hender.
Her spelar eg han fyrst og fremst i forma etter Hauk.
Slåttekjelde:
Hauk Buen.
10. Gangar etter Svein Løndal
Særleg tre summarar midt i tenåra gjekk eg i systematisk lære hjå Einar Løndal. Han var då den siste som levde att av sønene til legenda og stilskaparen Svein Løndal (1864-1949). Svein hadde eit hugtakande spel som sette solide spor etter seg. Og Einar var av dei næraste som førte dette spelet vidare.
Men denne gangaren lærde sønene til Svein av ein spelemann i Tinnoset som heitte Torgeir Solvang. Han hadde høyrt han av far deira i ungdomen. Einar kalla denne slåtten for Torgeir Solvang, men sidan det også finst ein springar som er kalla opp etter Torgeir, vel eg å kalle han for Gangar etter Svein Løndal.
Då ein av brørne seinare spela denne gangaren for far deira, utbraut Svein: «Å ja... Den ja..,» fortalde Einar.
Svein kjende tydelegvis att slåtten som ein han hadde spela i tidlegare år, men som han hadde gløymt bort og lagt til sides.
Onkel Knut (f. 1948) lærde same slåtten av sin store læremeister, Olav Løndal, storebror til Einar - på ein litt annan måte. Eg valde å blande desse utgåvene litt i hop på denne innspelinga, men har beheldt grunnforma til Einar.
Kjelder:
Einar Løndal og Knut Buen.
11. Tullar-Margit 2, springar
Margit Høljesdotter Odden (1836-1885) blei kalla Tullar-Margit av di ho var så makelaust god til å tulle slåttar. Ho gifte seg i 1863 med Ole Pedersen, frå ein plass under Flugon i Tuddal. Dei legde seg ein part under Greivjord, men Margit blei enkje alt i 1864, og blei slik aleineforsørgjar for tre ungar, samt mora Bergit, som også budde med dei.
Tullar-Margit tok til som tenestejente og legdekone på ymse gardar rundt om i Tuddal. Slik var ho ofte innom på Lynidalen da Svein var liten. ”Ho va’ den snålaste som kom,” fortalde Svein. Ho tok honom på fanget og tulla og song for honom. ”Ja, no må du koma innatt, fe no har Margit kome!” ropa Gro Løndal til son sin, Svein, om gutungen var ute når det gjæve besøket kom til gards.
Svein Løndal var så glad i Margit, og lærde visetonar og slåttestubbar av henne. Og det heitast at han hadde eit underleg gripande mål i fela når han spela det gjæve han hadde fått av Tullar-Margit.
Det blei sagt om henne at ho hadde gull i røysta.
Bygdefolket såg på Margit som litt rar då ho fór gjennom bygda med bakmeisen på ryggen.
Den godmodige gutungen i Lynidalen blei nok gjev for henne, og han var inderleg glad i henne og songen hennar.
Ettersom ho blei noko eldre fekk Margit nokre rare syn. Ho byrja stadig å prate om ei sølvgruve ho hadde i Årmotdalen i Bø; ”Der søv eg so godt, heilt te’ sole kjem,” skal ho ha sagt.
På ettersommaren i 1885 såg dei plutseleg ikkje meir til Margit. Då hadde ho fóre av garde til Årmotdalen for å finne gruva si. Det kom ein snøstorm over henne på vegen, og ho fraus difor i hel. Dei bor henne heim til Tuddal, der ho blei gravlagd.
Svein Løndal æra Tullar-Margit med to springarar som han bygde ut etter slåttar ho tulla på. Dette er Tullar-Margit 1 og 2, der den fyrste av desse er den mest kjende.
Slåttekjelde:
Einar Løndal.
12. Var det kje du som leika med Guro?, gangar
Denne gode danseslåtten er ein variant av ein slått som ofte blir omtala som ein slått etter Jon Kjos (1754-1826) frå Åmotsdal i Seljord, men som òg av og til blir servera i ekta Løndalsform.
Slåttenamnet kjem av eit slåttestev som er omlag slik, i ulike variantar:
«Var det ikkje du som leika med Guro? Fysst onde´ gråne´, so onde´ furo. Sea i heile gjestebodsstugo.»
Slåttekjelder:
Einar Løndal og Knut Buen.
13. Myllargutens minne, springar
Dette er truleg ein av slåttane Møllarguten hadde med seg heim til Telemark frå Hardanger, etter ein av dei mange turane hans over fjellet. Det er mykje som tydar på at han skriv seg tilbake til Olav Person Sekse (1823–1896) frå Hardanger, og slåttar med same grunntema går ofte under namnet Sekseen.
Forma eg spelar her er ikkje fullt så lang som slik t.d. Torkjell Haugerud spela han, men har sin sjarm den òg.
Slåttekjelde:
Einar Løndal.
14. Hans Johnsen, gangar av Bergit Tjønn
Bergit Tjønn (1914-1984) var syster til godmor mi, Margit Buen (1912-1998), og til bl.a. felemakarane John H. Tjønn (1899-1966) og Gjermund Tjønn (1902-1992). Far deira, Hans Johnsen Tjønn (1877-1962) var òg god felemakar. På Tjønn i Tuddal var det jamt besøk av spelemenn som var der for å prøve feler. Ikkje minst vanka Svein Løndal mykje der. Slik blei folket på Tjønn sterkt prega av det fine spelet til Svein.
Bergit tileigna seg mykje av dette stoffet, men dikta òg fleire nydelege slåttar sjølv. Denne gangaren bygde ho ut av eit gamalt motiv frå ein munnharpeslått frå Tuddal som heiter Sausaren, og ho dediserte slåtten til far sin.
Sjølv hugsar eg godt Bergit frå eg var ein liten smågut, men eg trur aldri eg høyrde ho spela. Eg var berre fire år då ho døydde, men likevel er det logne og gode vesenet hennar godt festa i hugen frå eg saman med mor mi var på Tjønn på besøk.
Onkel Knut Buen gjorde heldigvis gode opptak med henne som eg har høyrt mykje på og lete meg inspirere av.
Slåttekjelde:
Bergit Tjønn
15. Bylesoparen, springar
Dette er ein ekta bøheringsslått, men som også blei spela av Hølje Landsverk i Tuddal, som henta han i Bøherad og lærde han vidare til m.a. Hauk Buen.
Ei byle var ei slags kiste ein t.d. hadde mjøl i – ei «mjølbyle» - og namnet på slåtten kan handle om å sope opp siste rest av det som var lagra i denne byla.
Slåttekjelder:
Jens Amundsen (1921-1987) frå Bø og Hauk Buen.
16. Oterholtfossen, springar
Oterholtfossen er den største fossen i Bøelva. Namnet på slåtten var det Olav G. Nordbø og Torkjell Haugerud som sette på i nyare tid. Tidlegare blei han ofte kalla Gamal springar frå Bø eller berre Springar frå Bø. Det finst ei form i Dahletradisjonen i Tinn som Knut Dahle lærde av Gamle-Hans Fykerud, noko som tyder på at har blitt spela i Bø i lang tid. Men det finst òg nærskylde slåttar, m.a. under namnet «Tullar-Sissel», som har blitt spela utanfor Bø sine grenser.
Denne utgåva er uansett sterkt prega av bøheringspelet, og er framført i den forma slik han blir spela under namnet Oterholtfossen.
Slåttekjelder:
Jens Amundsen, Gunnar Innleggen, Bjarne Herrefoss (1931-2002) og Sveinung Dalen (f. 1922).
17. Eivind Mos nr 1, gangar av Eivind Mo
På 50-talet reiste Eivind Mo over til USA på spelferd. Dette i regi av Anund Roheim, som hadde flutt bort dit. Eivind hadde då med seg ein nykomponert gangar som han lærde bort til Anund, og som han spela inn på band for honom. Dette er den fyrste slåtten me veit om at Eivind laga.
Anund gjorde seianare denne gangaren kjent ved at han spela han i Folkemusikkhalvtimen i NRK. Ein av dei som lærde slåtten etter dette opptaket var Bjarne Herrefoss.
Då Anund flutte heim til Bø og Noreg på midten av 90-talet jobba eg som tenåring i Folkemusikkarkivet i Telemark. Ei av oppgåvene eg fekk der var å overspela og arkivere dei mange banda Anund Roheim gav til arkivet. Den gongen var det Kjell Bitustøyl som drifta dette. Undervegs i jobben med å spela av banda, dukka opptaket Anund hadde gjort av Eivind sjølv med denne slåtten frå 50-talet opp. Eivind hadde gått bort for berre få månadar sidan, og det fanst ikkje andre opptak med honom der han spela denne. Det var ei gjev stund for ein stor beundrar og spelemannspire å oppdage dette, og eg lærde meg straks slåtten på nytt etter dette opptaket.
Då forstod eg fort at både Anund og Bjarne hadde lagt mykje av seg sjølve i deira utgåver av slåtten. Men eg tok vare på mange av deira variasjonar, og spedde dei ut i den opphavlege forma til diktaren sjølv.
Slåttekjelder:
Eivind Mo, Anund Roheim og Bjarne Herrefoss
18. Tullemor, springar av Eivind Mo
Dette er den siste slåtten me veit om som Eivind Mo laga. Tullemor var Anne Kjellrun Mo (1931-2015), einaste dotter av Eivind.
Etter at eg hadde lært meg denne springaren, kunne Herbjørn Liahagen (f. 1973) vise meg eit tak i fyrste veket som eg ikkje hadde fått med meg, og som han hadde lært under eit besøk hjå Eivind på Nordgarden i Seljord. Slåttane var i stadig endring hjå Eivind.
I gravferda til Tullemor i Seljord kyrkje fekk eg æra av å spela denne slåtten, samt Tårån i Troppin av Torkjell Haugerud.
Slåttekjelder:
Eivind Mo og Herbjørn Liahagen
19. Kvambekkheii, gangar av Eivind Mo
Kvambekkheii er ei hei mellom Lognvik i Rauland og Åmotsdal i Seljord. Eivind Mo farta denne heia mang ein gong, både ved hjelp av sykkel og bil, mellom anna då han var på friarfot til Tone f. Lie (1903-1981) frå Seljord, som han gifta seg med i 1931.
Slåttekjelde:
Eivind Mo
20. Kvelding, springar av Eivind Groven
Ein annan sentral slåttekomponist frå 1900-talet er Eivind Groven (1901-1977). Slåttane hans gjekk også fort naturleg inn i repertoaret til samtidige og yngre felespelarar. Ein av dei som tidleg tok slåttane hans i bruk var den eldre og gåverike broren Olav Groven (1895-1929). Olav var ein av dei største føredøma til Eivind Mo, som lærde seg fleire av komposisjonane til Eivind Groven, slik dei blei etter dei hadde runne gjennom Olav si sil. Springaren Kvelding er ein av desse.
Slåttekjelde:
Eivind Mo
21. Kåte-Reiar etter Tor Rønningen, springar
Tor Rønningen (1879-1950) frå Flåbygd i Lunde i Telemark var god spelemann. Han hadde mykje godt spel frå heimtraktene, men òg etter gjæve kjelder frå andre kantar av fylket, til dømes Knut Dahle. Han var òg god ven med sonesonen Johannes Dahle, som lærde denne forma av den kjende springaren Kåte-Reiar av Tor.
Slåttekjelder:
Olav Øyaland og Eivind Mo
22. Knut Dahles farvel til Noreg, gangar
I 1896 reiste Knut Dahle over til USA saman med eine sonen. Han blei freista til prøve lukka som spelemann der. Denne gangaren etter Knut Lurås skal han visstnok ha spela mykje føre han reiste over.
Han kom heim til Tinn i 1900.
Slåttekjelder:
Olav Øyaland og Eivind Mo
23. Jon Vestafe 3, springar
Jon Vestafe var eit tilnamn på spelemannen Jon Kjos (Kvammen) frå Åmotsdal i Seljord. Han var stenderspelemann – eit kongeleg privilegium som medførte at han hadde einerett på å spela i ly og lag i eit visst område. Ei syster av Jon var gift i Tinn og Jon vanka difor ein del der. Det var der dei sette Vestafe-namnet på honom, av di han kom frå dei vestre bygdene i Telemark.
Torkjell Haugerud lika å ha orden i sysakene, og sidan det var fleire slåttar som bar namnet Jon Vestafe, nummererte han denne
til nr 3.
Slåttekjelde:
Eivind Mo
24. Revefaret, springar
Dette er også ein springar etter Jon Kjos, som var ein dyktig veidemann. Slåttenamnet skal ha samanheng med ein gong Jon spora opp ein rev det var utlyst skotpremie på, fordi denne reven var så fæl til reise med rypene i snarene til fangstfolka i området.
Reven har ofte eit krokete far etter seg, slik denne slåtten òg har.
I Tinn heiter slåtten «Ein god lått».
Slåttekjelde:
Eivind Mo
25. Nyårsdagen, springar av Per Anders Buen Garnås
Etter å ha grunna over denne springaren eit bel vakna eg fyrste nyårsdag 1996 med den ferdige forma av slåtten i hovudet. Onkel Knut Buen sette difor dette namnet på han i høve innspelinga av Åleine i 2001.
Eg tok ikkje Nyårsdagen med på Åleine, men spela han inn på nytt i 2013 til albumet Greinir, som kom ut i 2015.
Men då eg fekk høyre att dette opptaket frå 2001 gjekk det opp for meg at eg hadde forandra litt på somme tak i slåtten sidan den tid. Det var slik som dette eg hadde tenkt slåtten, og endringa eg har gjort i seinare år er ikkje til det betre. No spelar eg han berre slik som eg spela for 20 år sidan.
Slik er det også av og til.
Slåttekjelde:
Ikkje noko menneskje.

KJELDER TIL OPPLYSNINGAR:
Munnlege:
Olav K. Øyaland, Knut Hamre, Leif Rygg, Knut Buen, Ottar og Gjertrud Lien, Einar Løndal, Hauk Buen, Gunnar Innleggen, Anund Roheim og Eivind Mo
Skriftlege:
- «Som gofa spølå» av Knut Buen
- «Høyrer du Tårån?» av Asbjørn Storesund
- «Halldor Meland : eit liv i tonar» av Jon Bleie

Innspela og miksa i Lofthus kyrkje, Hardanger, oktober 2001 av Lindberg Lyd AS.
Produsent: Jørn Simenstad.
Teknikar: Hans Peter L’Orange.
Mastering 2022: Strype Audio v/ Fridtjof Lindeman.
Grafisk design: Eva Karlsson.
Teikning: Halvor Aarak.

Kjøp albumet her: