Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av
onklane Hauk (1933-2021) og Knut Buen (f. 1948). Han har elles gått i lære hjå og lete seg inspirere av mange gode spelemenn innanfor ulike tradisjonar - særleg i Telemark;
slike som Eivind Mo (1904-1995), Olav Øyaland, (1922-2019), Einar Løndal (1914-2006), Bjarne Herrefoss (1931-2002), Anund Roheim (1913-1999) og Gunnar Innleggen (f. 1948).
Landskappleiken har han vunne 4 gongar.
Sidan tenåra har musikken vore ein stor del av levebrødet hans, og han har underheldt, heldt konsertar og turnert i store delar av inn- og utland.
Han har også fleire CD-utgjevingar bak seg, både som solospelemann og som medverkande musikar.
For soloalbuma har han vunne FolkeLarm-prisen to gongar og vore nominert til Spellemann 3 gongar –
seinast i 2016 for CD-en Greinir.
Han har også vunne gullplate både for singel og for album saman med bandet Byting, der han var fast medlem frå 2013 til 2018.
I 2012 blei han tildela 2-årig arbeidsstipend frå Norsk Kulturråd. I 2021 fekk han 1-årig arbeidsstipend frå same instans, samt Rolf Gammlengs ærespris frå Fond for utøvende kunstnere.
I 2000 fullførte han eit toårig studie på Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, underlagt Universitet i Bergen. Likevel er han fyrst og fremst autodidakt, og har med åra tileigna seg godt over 500 slåttar.
Dette fyrst og fremst ved å stadig oppsøke eldre kjelder heilt i frå barnsbein av, men også ved å saumfare arkiv og private samlingar for opptak med felespelarar han ikkje rakk å oppleva.
Noter har han aldri lært seg. Alle slåttane han kan er difor lært på gehør og ligg lagra i hukommelsen.

Meir detaljert biografi finn du på denne sida.
|