Til Anno 2021 har eg valt ut eit godt knippe med slåttar eg har nytta mykje gjennom dei 35 åra eg har spela hardingfele. Slik har eg denne gongen spela inn fleire av slåttane som blir rekna som «storslåttar» enn eg har gjort tidlegare.
Fleire av slåttane her har eg meir eller mindre sett mitt eige preg på og forma litt på sjølv, ved å hente tak og vendingar frå fleire kjelder – og i nokre tilfelle ved å til og med legge til litt etter eige hjarta.
Ein stor del av slåttespelet er nemleg nettopp dette.
Det er ikkje ein størkna tradisjon, men ofte eit oppkome av variasjonar, stadig nye løysingar og bråe innfall.
Ei svært viktig side av slåttekunsten er å finne sitt eige gjennom å lytte og lære av gjeve ideal, og ved å stadig vera på leit etter den gode forma på ein slått.
Slåttane på Anno 2021 står fram slik dei enda opp akkurat der og då under innspelinga i desember 2021.
I går, eller i dag, eller i morgon kunne dei plutseleg vore ganske annleis. Gjerne like før eller rett etterpå òg. Då hadde dei kanskje blitt meir riktige. Og kanskje til og med betre. Men det går like fort motsett veg.
Slåttespel er augneblinkskunst. Ein har sine svakheiter og styrker i noet, avhengig av dagsform og inspirasjon -
og ikkje minst kva epoke ein er i både i livet og i utviklingsprosessen som felespelar.
Dette nye albumet er slik representativt for meg som spelemannen anno 2021.
Eg har også lagt meir vekt enn vanleg på dei mest nærliggjande tradisjonane mine på denne CD-en; nemleg familietradisjonen frå Buen, og spelet frå heimbygda Bø.
I likskap med Anno 2001 inneheld også Anno 2021 slåttar av nyare dato, for å nok ein gong minne omverda på at dette tonespråket framleis blir nytta til å få fram kva ein har på hjarta.
To av dei nykomponerte slåttane på Anno 2021 har eg dikta sjølv, og er heller aldri tidlegare gjeve ut.

Om slåttane på Anno 2021
1. Fyrispel etter Anders Buen og
Den rare slåtten etter Lars Fykerud, lydarslått
Godfar min, Anders Buen (1910-1977), var god spelemann, felemakar og oppfinnar. Eg rakk dessverre ikkje å oppleva honom, då han døydde tre år før eg blei født. Men i 1984 gav Buen Kulturverkstad ut ein minnekassett om honom med namn Hildring. Denne fekk eg til jol av onkel Knut Buen eit par år seinare. Etter det høyrde eg omtrent ikkje på anna enn folkemusikk på guterommet i årevis, og særleg denne kassetten gjekk om att og om att i lang tid. Den blei til stor inspirasjon.
Etterkvart fann eg ut at både mor mi, onkel Knut og fleire andre hadde gjort innspelingar med Gofa, og eg saumfarde alt eg kom over av dette spelet – i tillegg til alt onklane mine hadde lært av honom.
Dette fyrispelet har eg snappa opp etter honom. Det er ein variant av detn visetonen eg opnar Åleine frå 2001 med, som eg der kallar Fyrispel etter Svein Løndal.
Fyrispelet går over i ein lydarslått som på Buen i Jondalen har blitt kalla Den rare slåtten etter Lars. Oldefar, Asmund Buen (1869-1935) var ein god del i lag med Lars Fykerud (1860-1942) frå Sauherad, og var ein stor beundrar av spelet hans. Dette er ein av slåttane han plukka opp der.
Det blei lenge sådd litt tvil av andre arvtakarar av Fykerudspelet om dette faktisk var ein Fykerudslått, sidan ingen andre hadde denne i tradisjon etter Fykerud. Dei hadde aldri høyrt slåtten før i det heile. Men Sveinung Dalen (f. 1922) frå Bø kunne stadfeste at han var etter Lars, då han kom med ei så å seie identisk form av slåtten som han hadde lært av Halvor G. Eikjarud (1878-1970) frå Bø, som også hadde nemnt han etter Lars.
Slåttekjelder:
Fyrsispelet: Anders Buen
Den rare slåtten: Anders Buen, Hauk Buen (1933-2021) og Knut Buen (f. 1948)
2. Fossegrimen etter Tarjei Skinand, gangar
Ein gong onkel Hauk Buen var på vitjing hjå Rikard Gøytil (1890-1969) på Rauland fekk Hauk reie på at sonesonen til Møllarguten, Tarjei Skinand (1876-1959) i Arabygdi, framleis var i live. Hauk tok turen til Tarjei, som då var skral og var sengeliggjande. Difor låg og spela han for Hauk. Denne forma av Fossegrimen etter Møllarguten var ein av dei slåttane Hauk tileigna seg den gongen.
Slåttekjelde:
Hauk Buen
3. Lårdalsbryggja, springar
Ein gong Møllarguten (1799/1801-1872) kom med båten til Lårdal i Telemark, var det samla nokre spelemenn på bryggja der. Ein av dei var fyresdølen Olav Napper (1833-1903). Då spela Møllarguten denne springaren om att og om att. Det blei så god stemning der og folk dansa til ljose morgonen. Og Møllarguten spela slåtten så mange gongar at fleire av spelemennene som var til stades greidde å lære seg slåtten.
Slåtten finst elles i veldig mange variantar og under ulike namn både i Telemark og i store delar av hardingfeleområdet elles. I Telemark finst det blant anna variantar under namna «Nisien», «Stegaruden», «Flesbergen» og «Ved Hestekåsbekken».
Slåttekjelder:
Anders Buen og Hauk Buen
4. På gamle tufter, gangar av Knut Buen
Dette er ein av to slåttar onkel Knut har dikta som ber dette namnet. Den andre er ein springar, og begge går på nedstilt bas – som Håvard Gibøen (1809-1873 frå Møsstrond var så kjent for å vera ein meister på.
Det gamle spelet i heimbygda til Knut, Tuddal i Telemark, var sterkt prega både av spelet etter Knut Lurås (1782-1843) frå Tinn og den fremste læreguten hans Håvard Gibøen. Dei var begge mykje i Tuddal og dei gamle spelemennene der var sterkt prega av desse.
I slåttane med namn På gamle tufter har Knut lete seg inspirere av det gamle spelet frå Møsstrond og Tinn og bygd nye tuddalsslåttar på gamle tufter.
Slåttekjelde:
Knut Buen
5. Vårlengt, gangar
Dette er ein kjend gangar av Lars Fykerud, som sjølv fortalde dette om slåtten:
«Me budde ei lita tid i Rulnes på Vestsida i Heddal. So var det ein sundag utpå våren at Rulneskjerringa sat burte på jordet og gjette. Me hadde nettupp drukkje ettermiddagskaffi og so tok eg fela og gjekk burt til henne som gjette og sa at ho òg kunne gå inn og få seg ein tår, so skulde eg stjorne kyrne medan ho var inne.
Det var varmt i sola, og mens eg sat so og småspela og såg uppyver Heddalsfjorden og dei lauvkledde øyane og fjella, kom eg på grunndraget i slåtten.»
Seinare spela Lars slåtten for ein gjeng som sat på Grand hotell i Skien. Halvor Borgen (1854-1907) frå Bø var ein av dei som var til stades, og han spurde kvar Lars hadde høyrt denne og kva han heitte. «Såvore gjer eg sjav,» svara Lars; «men eg har ikkje kristna han ennå.» Då sa Borgen: «Vårlengt skal slåtten heite,» og Lars måtte spela gangaren om igjen og om igjen for honom.
Denne forma på slåtten hadde onkel Hauk Buen mykje etter Johannes K. Dahle (1890-1980) frå Tinn, som hadde lært han av Torkjell Haugerud (1876-1954) frå Bø/Seljord. Haugerud hadde lært han av veslebror til Lars, Vesle-Hans Fykerud (1862-1942) frå Sauherad.
Slåttekjelde:
Hauk Buen
6. Signe, springar
Lars Fykerud spela ofte visetonar og folkemelodiar på hardingfele. Og av og til bygde han dei ut til heile slåttar. Dette er ein av springarane han bygde ut av ein melodi som i Telemark er mest kjend frå visa «Valborg og Signe» av Tormod K. Borgejordet (1799-1868) frå Kviteseid.
Opningslinene i visa er slik: «Signe, stakkars deg som soso einsmal gjeng, og hev ingen gut i vente! Du er so til alders no at ingen dreng bryr seg um so gamal gjente.»
Slåtten blir spela på veldig mange måtar, og det seiast om Lars Fykerud at han aldri spela ein slått likt frå gong til gong. I Fykerudtradisjon spelar eg han her i temmeleg fri form.
Slåttekjelder:
Knut Buen og Hauk Buen
7. Åheimen, springar
Onkel Hauk Buen lærde denne slåtten på nedstilt bas av Halvor Mjaugeto i Gransherad, som tulla slåtten for honom. Mjaugeto fortalde at slåtten var etter Lars Fykerud.
Stein Versto (f. 1957) frå Vinje lærde ein slått av Kjetil Løndal (1907-1987) frå Tuddal som liknar mykje på denne, og som Kjetil kalla Nanna. Nanna var kallenamnet på Anne, dotter til Lars – så gamle Halvor Mjaugeto hadde nok rett i at dette er Fykerudslått.
Eg har lagt inn eit par ekstra sveivar sjølv i slåtten som er bygd på slik Hauk forma han til etter tullinga til Mjaugeto.
Slåttekjelde:
Hauk Buen
8. Slåtten til Mamma, springar av Per Anders Buen Garnås
23. oktober 2021 fylte mor mi, Agnes Buen Garnås, 75 år. Ei stund før dagen kom eg til tenkje på at ho fortente å få sin eigen slått. Sjølv om eg er felespelar og ho kvedar, er eg sterkt prega av musikaliteten hennar. Og eg har i denne springaren prøva å karakterisere både dei ulike lynna, personlegdomen og songen hennar.
I Buentradisjonen finst det frå før ein slått som heiter Mors slått, så det namnet var allereie oppteke. Eg har dessutan bestandig kalla henne Mamma, og ikkje Mor – også i vaksen alder, så eg valte å kalla han for Slåtten til Mamma.
Slåttekjelde:
Ikkje noko menneskje.
9. Hellosen, gangar
Spelemannen Hans Hellos (1812-1873), også kalla Hans Flatland, var frå husmannsplassen Hellos under Eika i Bø, og flutte seinare til garden Flatland litt lenger opp i terrenget. Han var brorson av den fyrste felemakaren i Helland/Steintjønndalen-dynastiet, Jon Erikson Helland (1790-1862), og far til dei kjende Flatlandsspelemennene Olav (1843-1917), Vesle-Hans (1846-1916) og Halvor (1853-1929).
Dette var altså ei svært gåverik ætt, og Hans Hellos må også ha vore ein dyktig spelemann. Til og med ein som Møllarguten hadde slåtten med namn Hellosen på konsertprogramma sine.
Denne finst au i andre variantar etter Knut Lurås frå Tinn og etter Olav Håstabø (1826-1899) i Hardanger, men i denne bøheringsforma skriv han seg tilbake til gamle Hans Hellos, og ber difor dette namnet.
Knut Dahle (1834-1921) i Tinn lærde også denne slåtten av Hans Hellos og kalla han Hellosen, og spela både denne og Luråsforma.
Slåttekjelder:
Jens Amundsen (1921-1987) og Tollef Forberg (1898-1962)
10. Høgsetbenken, springar
Dette er også ein slått etter Hans Hellos, som visstnok tidlegare skal ha gått under namnet Fivilbøen. Ein gong det var dans på Haugerud i Bø sat Halvor Flatland, yngste sonen til Hans Hellos, i høgsetbenken der og spela. Torkjell Haugerud og broren, Torgrim, låg på bordet og høyrde på spelet. Etterkvart sat Halvor og stirde ut i lause lufta akkurat som at han lura veldig på noko. Men så sette han plutseleg i med denne slåtten. Gutungane byrja difor å kalle slåtten for Lureslåtten. Seinare blei Torkjell Haugerud og Olav Nordbø frå Bø einige om at Høgsetbenken var eit betre namn på slåtten.
Torkjell Haugerud blei ein av dei største arvtakarane av Flatlandspelet.
Slåttekjelder:
Torkjell Haugerud frå Bø/Seljord og Eivind Mo (1904-1995) frå Rauland/Seljord.
11. Lomelden, gangar
Bøheringen Halvor Borgen Uvdal (1879-1922) spela inn denne gangaren på grammofonplate så tidleg som i 1911, under namnet Lomeliden. Men truleg var dette ein stavefeil, då slåtten elles har blitt kalla Lomeldin i Bø.
Jens E. Lomelde var ein spelemann frå Sogn som var jamgamal med spelemannen Øystein Langedrag (1785-1848) frå Seljord. Dei to var begge soldatar i krigen mot Sverige i åra før 1814, og Langedragen lærde truleg denne slåtten av Lomelden den tida. Sonen til Øystein Langedrag, Leiv Sandsdalen (1825-1896), var også god spelemann, og truleg er det han som har lært bort slåtten til spelemennene i Bø.
Mykje tydar på at alle som har spela slåtten i ettertid har lært han via Borgen-spelemennene, og da særleg etter innspelinga med Halvor Borgen Uvdal, i og med at spelemennene frå andre bygder enn Bø tok i bruk det feilstava namnet Lomeliden i staden for Lomelden, at denne originale gangaren eigentleg skriv seg frå Sogn, og har kome til Telemark via Øystein Langedrag frå Seljord.
Slåttekjelder:
Halvor Borgen Uvdal frå Bø, Eiliv Smedal (1889-1938) frå Flatdal i Seljord og Einar Løndal (1914-2006) frå Tuddal.
12. Sandsdalsvrita, springar
Dette er ein annan slått som i denne utgåva er i Langedrag/Sandsdals-tradisjon. Springaren har i bøheringstradisjonen gått via Flatlandspelemennene til Einar Lund (1882-1954), og vidare til Jens Amundsen, som eg hugsar godt frå barndomen, men som eg dessverre ikkje rakk å lære av. Både Einar og Jens skal ha lagt til litt sjølve i denne forma.
Ei vrite er ein slått som er vrien å spela.
Slåttekjelder:
Jens Amundsen og Anund Roheim (1913-1999) frå Bø.
13. Sundagsslåtten til Halvor Flatland
Denne gangaren på nedstilt bas blir som oftast nemnt som Gangar etter Sandsdalen, og er nok ein slått i Langedrag/Sandsdalen-tradisjon. Denne forma er etter Torkjell Haugerud, og Gunnar Dahle (1902-1988) i Tinn var ein av mange spelemenn som lærde slåtten av Torkjell. Han sa at det var sundagsslåtten til Halvor Flatland, noko som tyder på at Haugerud hadde henta også denne slåtten av Flatland.
Slåttekjelder:
Torkjell Haugerud, Olav Løndal (1904-1986) frå Tuddal, Kjetil Løndal og Knut Buen
14. Skarsnuten, gangar
Olav Råmundsson Soterud (1782-1828) frå Øvre Bø reiste ein gong saman med Øystein Langedrag til Åmyremarken på Rauland for å spela. Dei spela der i dagavis, og då dei var på heimveg var dei utslitne og trøytte, og la seg til kvile innunder Skarsnuten i Svartdal. Brått vakna begge av at dei høyrde det spela i frå nuten. Då treiv dei felene og fekk sett denne slåtten i hop.
Slåttekjelder:
Hauk Buen, Knut Buen, Olav Løndal og Einar Løndal
15. Sandsdalsspringaren
Dette er ein av dei mest bruka og mest utbygde slåttane i tradisjonen etter Leiv Sandsdalen. Leiv Sandsdalen sjølv skal etter seiande ha meint på at han kunne førast attende til Jon Kjos (1754-1826) frå Åmotsdal i Seljord, som faren, Øystein Langedrag lærde mykje av. Med så gamalt stoff er det ofte uråd å finne ut opphavet, men slåtten finst i mange variantar som alle på ein eller annan måte skriv seg tilbake til Leiv Sandsdalen, og det er utvilsamt ein slått han har sett sitt stempel på. Eg spelar han her fritt etter ymse.
Slåttekjelder:
Hauk Buen, Knut Buen, Olav Løndal, Høye Kvåle (1879-1967) frå Seljord, Kristiane Lund (1889-1976) frå Bø og Leif Rygg (1940-2018) frå Voss.
16. Kivlemøyane
Kivlemøyane har eg spela inn fleire utgåver av på tidlegare album. Her spelar eg ein variant som fyrst og fremst er inspirert av slik Høye Kvåle spela dei etter Olav Napper frå Fyresdal. Napper lærde desse av Møllarguten, som igjen skal ha lært dei av Øystein Langedrag.
Slik Høye Kvåle spela dei spela han fyrst gangaren og springaren før han avslutta med lydarslåttane Lokkaren og Forsteinaren. Eg har her teke meg den fridomen å spela Lokkaren fyrst, før eg spelar gangaren og springaren, og avsluttar med Forsteinaren. Nokre andre fridomar har eg nok au teke meg.
Desse Kivlemøyane går på trollstilt.
Slåttekjelder:
Høye Kvåle og Knut Buen
17. Jøronnatten, springar av Torkjell Haugerud
Jøronnatten er ein fjelltopp på Lifjell i grensetraktene mellom Bø og Seljord, og på same måte som med Torkjell Haugerud må bøheringane og seljordingane dele på denne. Av fjelltoppane innanfor Bø er Jøronnatten den høgaste, og Haugerud skal ha sagt om denne natten at han er så rund og fin i klarvêr.
Torkjell skal ha kome på nokre av motiva til slåtten medan han stod og kikka opp på Jøronnatten. Frå Haugerud-tunet i Bø, der han vaks opp, såg han opp på Jøronnatten kvar dag, og minner frå denne tida skal òg ha vore med på å prege slåtten. Hovudmotivet i slåtten er elles svært likt eit gamalt slåttestev frå Møsstrond, og Haugerud kan ha henta dei fyrste tonane i slåtten der.
Slåttekjelder:
Torkjell Haugerud frå Bø/Seljord og Bjarne Herrefoss (1931-2002) frå Seljord/Bø/Skafså.
18. Bakstekjæringa, springar av Per Anders Buen Garnås
Eg vaks opp i Breskelia oppunder Bryggefjell i Bø, og i terrenget mellom heimplassen min og fjellsidene der ligg det ein kjempestein som er kløyvd i to. Denne blir kalla Bakstekjæringa. Me ungane i Breskelia leika mykje rundt denne steinen då me var småe, og eg rak mykje rundt der på eiga hand òg.
Det er to forklaringar på kvifor denne steinen blir kalla Bakstekjæringa. Den eine er eit segn om ei bakstekjerring som nekta å gjeva bakst til ein fattig stakkar som for og tagg. Han blei så forbanna at han mana henne til stå att som denne steinen.
Men den historia eg høyrde heime i Breskelia var om ei bakstekjerring som hadde støtt på ein rasande bjørn her. Ho fekk etterkvart klatra opp i skaret på denne steinen, og slik berga ho seg.
I 2015 blei eg beden om å laga ein ny slått til Telemarksfestivalen i Bø, og då bestemte eg meg for å laga ein slått til denne steinen, basert på denne historia.

KJELDER TIL OPPLYSNINGAR:
Munnlege:
Knut Buen, Hauk Buen, Sveinung Dalen, Agnes Buen Garnås, Stein Versto, Tone Buen, Eivind Mo og Trygve Langkås.
Skriftlege:
- Artiklar i boka «Fjøllmanngjenta» skrivne av Johan Vaa og Arne T. Aabø
- «Høyrer du Tårån?» av Asbjørn Storesund
- «Flatland-spelet: Arven etter Myllarguten» av Asbjørn Storesund
- «Bøheringsspelet : hardingfeletradisjonen i Bø og nærliggande distrikt» av Asbjørn Storesund
- «Lars Fykerud: Hans liv og kunstnargivnad» av Halvor Braaten

Innspela i Stabbestad, Kragerø, desember 2021.
Teknikar: Niels J. Røine.
Miksing og mastering: Strype Audio v/ Fridtjof Lindeman.
Grafisk design: Eva Karlsson.
Teikning: Halvor Aarak.
Albumet er gjeve ut med stønad frå Sparebankstiftelsen DNB, Norsk kulturråd og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Takk til Andreas Ljones som stilte med husvære.

Kjøp albumet her: