I forordet til Per Anders Buen Garnås sin fyrste CD, "Åleine" skriv han: "Slåttemusikk i sitt eigentlege er noko ein spelar åleine. Slåttane er åleine. Dei gode slåttane er ikkje avhengig av andre. Når dei store slåttediktarane skapar, er dei åleine. Det er når ein er åleine ein mest har behov for musikken sin. Slik har kvar enkel slått sitt eige uttrykk – dei er åleine om si historie. Som utøvar på ein såkalla sær ting som hardingfele, er ein i det store og det heile også ganske åleine – åleine om å leva i slåttemusikken. Slåttane eg nyttar på denne produksjonen er av dei slåttane eg lever med. Når eg sit åleine og spelar – då fela er mitt einaste selskap, og ingen styrer kva eg må spela – tyr eg ofte til desse. Annleis er det når ein er ute blant folk. Då er det på det jamne eit lite knippe slåttar det blir bede om. Spelemenn har sagt til meg at det er åleine med fela dei har hatt sine beste stunder. Eg vonar at du som lyttar, kanskje når du sjølv er åleine med denne CDen, kan lære deg å setja pris på desse slåttane – slik at eg slepp å vera så åleine om dei. Og kanskje du til og med ber om å få høyre dei att neste gong du treff ein spelemann? Til dømes springaren Åleine?"
"Åleine" blei nominert til Spellemann og fekk terningkast 5 m.a. i VG.