Oppvekst, opplæring og eigenstudiar |
Per Anders Buen Garnås er fødd i 1980 og vaks opp i Bø i Telemark. Som 6-åring byrja han å spela hardingfele i musikkskulen i Bø, inspirert av to onklar; Hauk og Knut Buen, som heile tida har vore føredøme og læremeistrar for honom. Etterkvart blei han kjend med dei beste levende spelemennene i heimfylket, og fekk lære av dei alle – slike som Einar Løndal, Eivind Mo, Anund Roheim, Bjarne Herrefoss, Olav K. Øyaland og Gunnar Innleggen. Elles har han lytta og lært der han har vore, og også bruka mykje tid på å høyre på arkivopptak med spelemenn han ikkje rakk oppleva. |
Formell utdanning
|
I 1998 tok han fatt på to år med formell fordjuping i slåttemusikk på Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, noko han avslutta i 2000. Desse to åra hadde han Olav K. Øyaland og Knut Buen som læremeistrar. |
Verksemd |
Per Anders opptredde aleine for fyrste gong på offentleg konsert allereie som 10-åring, under Telemarkfestivalen i Bø i 1990. Sidan den gong har han vore å høyrt både på konsertscenar, kappleikar, CD-ar og på TV- og radio i ulike samanhengar. Etter at han avslutta utdanninga ved Spelemannsskulen på Voss i 2000 har Per Anders Buen Garnås levd av felespel både på heiltid og deltid, og forutan om å ha spela i mange ulike samanhengar her i landet, har han også formidla musikken sin i andre land opp i gjennom åra; t.d. Sverige, Danmark, Finland, Estland, Latvia, Russland, Østerrike, USA, Shetland og Bangladesh. Som døme på nokre av dei gjæve oppdraga Per Anders har hatt i utlandet, kan det nemnast at han var norsk representant på minnekonserten over Tom Andersson på Shetland saman med Annbjørg Lien i 2010. I 1997 var han utvald til å stå for det norske kulturelle innslaget ved opninga av Telenors mobiltelefonnett i Bangladesh, saman med Jon Anders Halvorsen og Tone Jorunn Tveito. Og i 1998-2000 hadde han 3 turar over til USA for å halde både kurs og konsertar for hardingfele-interessera folk over der. Solokonsertar Som rein tradisjonell solospelemann har han hatt ei rekkje konsertar med jamne mellomrom aleine eller saman med andre solistar og utøvarar på dei fleste folkemusikkscenar i landet. Døme på dette er det ærefulle oppdraget om å halde Borgjakonserten under Telemarkfestivalen, som han blei tildela i 2004 – og konserten han hadde i lag med Ingebjørg Bratland på Riksscenen i Oslo i februar 2011, som den fyrste i konsertserien "Tett på". Begge desse konsertane blei sende i sin heilskap i NRK P2. Andre døme er solokonsertane han hadde under ein konsertserie i regi av plateselskapet Ta:lik i 2011. I 2014 og 2015 heldt han 19 konsertar med produksjonen ”Lars Fykerud: Triumf og tragedie”, der han og Hallgrim Berg leia publikumet gjennom telemarkingen og meisterspelemannen Lars Fykeruds liv og virke. Samarbeid og oppdrag som medmusikant, arrangør m.m. Sjølv om Per Anders har veldig stor elsk til og fokus på den tradisjonelle slåttemusikken, har han også samarbeidd med folk i meir eksperimentelle samanhengar, både saman med andre folkemusikarar, men også med utøvarar med bakgrunn i jazz, forfattarskap, gammaldans, teater, kyrkjemusikk, klassisk musikk, samtidsmusikk, country/bluegrass, blues og hip-hop. Nedanfor kan ein lesa om døme på slike prosjekt. I 1998 var han med på å starte gruppa ”Hått” saman med Anders Erik Røine på gitar og Nils Øyvind Bergset på trekkspel. Desse tre har sidan vore å høyre med jamne mellomrom både på konsertar og dansefestar i Folkemusikk-Noreg. I 1999 gjekk han inn i eit samarbeide med forfattaren og skribenten Eivind Blikstad om programmet ”Sagn og slått”. Dette resulterte i fleire framsyningar som duo, men også saman med skodespelaren Ola Otnes. På same tid blei programkonseptet ”Jeg løfter mine øyne mot fjellene” utvikla, der Per Anders og Blikstad fortsette samarbeidet og fekk med seg kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås og organisten Knut Arne Snøåspå laget. Dei komande åra var det mogleg å oppleve denne kyrkjekonserten rundt om i dei fleste kyrkjer i Telemark, men også utanfor fylket. Dette konseptet utvikla seg seinare til eit duo-prosjekt mellom syskena Buen Garnås, som fekk namnet ”Salme, segn og solbøn”. Dette solistiske konseptet var å høyre fleire stader i 2010 og 2011. Og seinare i 2020 og 2021. Per Anders turnéra også saman med syster si i 2003, i samanheng med hennar prosjekt, ”På Grønalihei”, der også Anders Røine og Harald Høyvik på høvesvis gitar og bass var med. I 2000 var han m.a. med Sinikka Langeland på eit nytt verk av Langeland, saman med fleire musikarar med bakgrunn frå folkemusikk og jazz. Dette kom med på CD i 2021. I 2001 var Per Anders på rikskonsertturné saman med hiphop- og jazzmusikarane MJ (Morten Joakim Vatn) og Alis (Aslak Hartberg) kjende frå Oslo Fluid, Yoga Fire og Klovner i Kamp. Dette var i høve 200-årsjubileet for Møllarguten, og gjekk under namnet ”Møllers 2000”. Same året var han ein av to solistar i det nykomponera stykket ”Nyslått” av Henrik Ødegaard, noko han framførte fleire stader saman med spelemannen Torgeir Straand og Telemark Kammerorkester. Dette blei seinare teke opp att i 2005 i samband med CD-utgjeving av verket. I 2001 var han også med som skodespelar og musikar i ”Evjuspelet”. Seinare fekk han meir erfaring med teater, m.a. i storsatsinga ”Dødsdansen på Norefjell” i 2005 under Folkemusikkveka på Ål, der han både hadde hovudrolla og var spelemann under fem fulle førestillingar. Han var også ein av tre musikarar i teaterstykket ”Spelet om Olav Mannslagar” under Seljordspelet 2009. I Landstadåret 2002 reiste Per Anders mykje rundt saman med føredragshaldar Jon Landstad, kvedaren Agnes Buen Garnås og organisten Sigbjørn Apeland med programmet ”Han rider den mørke natt” i ulike konstellasjonar både som duo, trio og kvartett. Saman med mor si, Agnes, har han hatt fleire samarbeid. Døme på dette er programmet ”Åleine”, der dei hadde med seg Ingebjørg K. Vesaas, som driv med moderne dansar. Desse tre reiste rundt med dette programmet frå 2003 til 2007. Stundom opptredde berre Per Anders og Ingebjørg òg. I åra etter dette reiste Agnes og Per Anders mykje rundt med konserten ”Kivlemøyane møter Olav Åsteson”, der begge opptredde som solistar. I 2006 byrja Per Anders Buen Garnås og spelemannen Daniel Sandén-Warg for alvor å spela saman. Dette blei etter kvart til duoen Warg Buen, som har hatt fleire konsertar rundt om i det ganske land fram til i dag. M.a. var dei på turné saman i 2008 i regi av Den norske Folkemusikkscena. I 2011 hadde dei også med seg Anders Røine på opningskonserten under Folkemusikkdagane i Porsgrunn, der dei opptredde som trioen Warg Buen & Røine. Seinast i 2020 hadde Warg Buen konsert. Denne gongen i på Rimi/Imir Scenekunst i Stavanger, i regi av Anders Hana ved Gorrlaus. Frå 2005 til 2008 opptredde Per Anders Buen Garnås mest som solist i tillegg til i dei faste allereie innarbeidde konstellasjonane. Men i 2008 og 2009 samla han fulle salar i store delar av aust- og vestlandet i eit nytt samarbeide. Saman med Aasmund og Odd Nordstoga hausta han da nemleg stormande applaus med programmet ”Storegut”. Dette programmet blei i 2010 og 2011 også framført eit par gonger utan Odd, men med Åsmund Reistad som gitarist. Det kan også nemnast at Per Anders også har medverka på eit par av Odd Nordstogas konsertar elles - på sleppet av Nordstogas album, "November", i 2010 og på konsertar under Telemarkfestivalen 2011 og 2017. I 2009 reiste Per Anders på turné saman med spelemannskollega Olav Mjelva, der dei rett og slett reiste rundt som to solospelemenn på tur. Dette året byrja han også å samarbeide med kvedaren Unni Boksasp og folkedansaren Sigbjørn Rua, kjend frå danseensemblet ”Frikar”. Desse tre har sidan reist mykje rundt under namnet ”Sty”. M.a. hadde dei innslag under VM i Telemarkkøyring på Gaustablikk i 2011, samt konsert på Slåttefestivalen i Hjartdal same år. Hausten 2013 og vinteren 2014 hadde desse tre ei heil rekkje med kveldskonsertar rundt om i Telemark, Buskerud, Rogaland og Hordaland. I 2012 blei han bedt med av Bugge Wesseltoft til å vera med på å spela på "Bugges open sessions" på Riksscenen i Oslo. Her spela han med, forutanom Bugge sjølv; Paolo Vinaccia, Sarah Ramin Osmundsen og Ibou Cissokho. I 2013 blei han spurt av Aslak Brimi om å vera ein av fleire musikarar som nytolka komposisjonane etter Hans W. Brimi til CD-en "W." Dette resulterte i fleire konsertar. Same året starta han saman med m.a. kameraten, Thomas Hellekås, eit band som heiter ”Byting”, som beveger seg i grenselandet mellom folk, country, vise, folkemusikk og rock. Desse har allereie hatt stor suksess, og har blitt booka utover det ganske land, har platekontrakt for 3 CD-ar hjå Grammofon og er tilslutta Artistpartner, i godt selskap med mange andre kjende band og artistar i Noreg. Høgdepunktet til bandet er kanskje da Per Anders og resten av bandet spela for 7000 publikummarar på Countryfestivalen i Seljord. Bandet Byting fekk gullplate for både album og singel fyri Per Anders bestemte seg for å prioritere folkemusikken og slutta i bandet i april 2018. Konsertverksemd i seinare år Sidan dess har han hatt mange oppdrag som solospelemann både heilt aleine, og der han har delt scena med andre. Døme på dette er konsert saman med kvedaren Kirsten Bråten Berg, opptreden med Stein Torleif Bjella på Folkemusikkveka på Ål, solokonsert på Riksscenen, deltakar på "Meisterkonserten" i Den norske opera, konsert saman med Trygve K. Vågen på Folkemusikkscena på Rauland, konsert saman med Torgeir Straand og Ottar Kåsa i Bøgrend i Vinje, fleire opptredenar på Jørn Hilme-stemnet i Valdres, to framføringar av Ruth Wilhelmine Meyers tingninsverk "Haugebonden", saman med m.a. komponisten sjølv, Tuva Syvertsen og Espen Leite, på Telemarkfestivalen og Ultimafestivalen. I 2019-2021 har han reist rundt saman med Lars-Ingar Meyer Fjeld og Ottar Kåsa med konsertkonseptet «Slåttar siste sytti år». Han har elles reist mykje rundt saman med Alexander Røynstrand dei siste åra. På Osafestivalen 2020 hadde han konsert saman med sistnemnde og Tuva Syvertsen. Elles hadde han ved fleire høve arrangerte strøymekonsertar i 2020: Solokonsert gjennom ta:lik records, gjennom Gullbring Live saman med Torgeir Straand, Lars-Ingar Meyer Fjeld og Ottar Kåsa, gjennom Munin Live i Drammens Teater saman med Vilde og Even Westeng og Resjemheima, og solo frå Riksscenen i serien «Fyrispel». I 2021 blei han spurd av Riksscenen om å laga tre konsertar som skulle framførast tre dagar på rad med dei høvesvise titlane: «Myllarguten», «Gibøen» og «Fykeruden». Her fekk han frie tøylar til laga ein presentasjon av dei tre legendene Myllarguten, Håvard Gibøen og Lars Fykerud. Desse blei gjennomført fyrste helga i september 2021, og etter siste konserten sa produsent ved Riksscenen, Andreas Ljones, at: «Dette har vært noe av det viktigeste som har hendt på Riksscenen på Riksscenens 11 år.» Desse tre konsertane har han i ettertid reist mykje rundt med, og det held han framleis på med. I 2023 har han også opptredd med programmet «Tuntreet» saman med Stein Versto, der Stein står for opplesing og Per Anders for musikken. Komponering Per Anders har også komponera ein del nye slåttar for hardingfele, og nokon av desse har allereie gått inn som ein del av det faste repertoaret til andre spelemenn. Seks slåttar har han dikta på bestilling frå høvesvis Telemarkfestivalen, Kviteseidmarken, Jørn Hilme-stemnet i Valdres og folkemusikkfestivalen Árinn i Kristiansand. Han var også ein av fleire musikarar som blei beden om å lage musikk til utstillinga «LYD og BILDE» av Hanne Borchgrevink i 2017. Kursverksemd Per Anders har vore mykje nytta som lærar på hardingfele gjennom ymse kurs, men også i Kulturskulen, musikkliner ved vidaregåande skular og på høgskular som Norges Muikkhøyskole, Ole Bull Akademiet og ved Universitetet i Søraust-Noreg, campus Rauland. Skriftleg arbeide og produsentverksemd I tillegg er Per Anders også nytta ein del som skribent, og han har trykte fagartiklar bak seg i t.d. Telemarksavisa, Varden, Telemark Tidend, Årbok for Norsk Folkemusikk og Spelemannsbladet. Eit år var han også redaktør for Norsk Folkemusikk- og Dansarlags medlemsblad, ”Kvinten”, samt den nemnde årboka for norsk folkemusikk. I 2019 var han fast spaltist i bladet Folkemusikk. Han har også bidrege både tekstleg og som produsent/konsulent på fleire CD-produksjonar med andre utøvarar. M.a. på "Soltreet" med Agnes Buen Garnås (2002), "Håvardspel" - ymse utøvarar (2009), "Breksja" med Øyvind Brabant (2018), "På Møsstond" med Trygve K. Vågen (2019), DobbeltCD-en "Bjarne Herrefoss" (2019) og ein CD med Sveinung Dalen (2019). TV og Radio Som 13-åring var han deltakar i ”Den internasjonale talentscenen” på TV2. Berre 15 år gamal hadde han sitt fyrste program på NRK P2, saman med sambygdingen Torgeir Straand. Som 18-åring hadde han ein eigen folkemusikktime på same kanal. Same året blei han også portrettert i TV-utgåva av programmet ”Halvbror til reven” på NRK. I 2002 opptredde også Per Anders saman med folkrockbandet ”Gåte” under NRK sin årlege TV-aksjon. I nokre år blei han også bruka som fagmann innan hardingfele i ei fast spalte i Folkemusikktimen på P2. I 2020 blei Per Anders portrettert i 2 timeslange program i NRK P2, Folkemusikktimen, med ferske opptak frå Store Studio. |
Prisar, utmerkingar, kappleik og tillitsverv
|
I 1998 blei han tildela Øivind Bergs minnepris under Peer Gynt stemnet på Vinstra. Og han har elles fått prisar i heimbygda Bø for sin representasjon. Per Anders spela seg allereie som 19 åring opp i A-klassa på hardingfele på Landskappleiken i Oppdal, som ein av dei yngste nokon sinne. Bak seg hadde han da allereie mange 1. premiar og sigrar frå større og mindre kappleikar rundt om i landet. M.a. vann han juniorklassa på hardingfele under landskappleiken tre år på rad, i høvesvis 1994, 1995 og 1996. I 1999, 2000, 2001, 2005 og 2012 blei han kåra til Årets Fanitull under Folkemusikkveka på Ål, og har såleis vunne Olav Thons vandrepokal heile 5 gonger. I 2002 blei han tildela Telemarkstipendet for ”framifrå kulturinnsats tufta på tradisjonar, men med ope sinn for nyskaping og kulturell brubygging”. Sidan 2002 har han også sete i styret i Spelemannslaget Bøheringen, og har slik også mange år på baken med idealistisk arbeid. I 2003 spela han seg opp i finalen på Landskappleiken på Gjøvik og vann, og blei slik Noregsmeister. Vann gjorde han også både på Voss i 2010, på Røros i 2013, i Trysil i 2018, i Lom i 2023 og på Gol i 2024 - og er slik 6 gonger Noregsmeister. Elles har han ofte vore å finne i øvre sjiktet av premielista, og aller oftast blant dei tre beste. I tillegg har han blitt Fylkesmeister ei rekkje gonger. I 2006 vann han Postens festivalspel for beste dansespel under Telemarksfestivalen, samt Ingebjørg K. Bø’s minnepris, som beste deltakar uansett klasse på Setesdalskappleiken. Sistnemnde vann han i 2010 òg. Same året vann han også Folkelarmprisen saman med syster si for CD-en ”Salme, segn og solbøn”. I 2012 blei han tildela Statens kunstnarstipend for 2 år. I 2015 vann han igjen FolkeLarmpris for albumet "Greinir", med eigenkomponerte slåttar. Under Fylkeskappleiken for Telemark i Porsgrunn i august 2017 vann han Myllargutmedalja i sølv. Denne medalja blir bare utdela i heilt spesielle høve, der spelemenn har prestert utover det vanlege. Per Anders er slik ein av bare tre spelemenn som har blitt tildela denne dei siste tiåra. I 2018 blei han tildela Gullplate både for singel og for album saman med resten av bandet Byting. Same året sat han som medlem i FolkeLarm-juryen. I 2019 blei han ein av nokre få utvalde ikkje-søkarar som fekk velje seg ut og låne seg instrument av Dextra Musica. I 2021 fekk han 1-årig arbeidsstipend frå Norsk Kulturråd og Rolf Gammleng-prisen frå Fond for utøvende kunstnere. |
Diskografi
|
Allereie som 14-åring i 1994 kom han med på sin fyrste CD. Dette var "Høgdepunkt Landskappleiken 94". I 1999 kom han, saman med dei andre i Hått, med på Norilds CD "Meisterspel". I 2001 kom han ut med sin fyrste solo-CD, ”Åleine”, som hausta mykje fagnad. Denne plata fekk terningkast 5 i VG, og blei samtidig den fyrste reine folkemusikkplata som blei meldt i landets største avis. ”Åleine” blei nominert til Spellemannsprisen. Same året blei han valt ut til å vera med på CD-en "Norsk folkemusikk – et utvalg ved Steinar Ofsdal". I 2002 medverka han som arrangør og musikar på den mykje omtala CD-en til Agnes Buen Garnås, ”Han rider den mørke natt”, der han saman med m.a. Marilyn Mazur og Sigbjørn Apeland hausta veldig gode kritikkar for musikken sin. Same året var han også med på bluesmusikar Jens Haugen sitt album "Over terskler". I 2003 var han saman med Anders Røine og Harald Høyvik med som medmusikant og arrangør på Ingvill Marit Buen Garnås sitt album ”På Grønalihei”. I 2005 var han ein av to solistar på CD-en ”Nostos”, saman med Torgeir Straand og Telemark Kammerorkester. I 2008 gav han ut ”Warg Buen” saman med Daniel Sandén-Warg, som blei nominert til Folkelarm-prisen 2008. I 2009 gav han ut ”B-burger” som spelemann i trioen Hått. ”B-burger” blei nominert til Folkelarm-prisen 2009. I 2010 kom han ut med CD-en ”Salme, segn og solbøn” saman med Ingvill Marit Buen Garnås. Denne fekk Folkelarmpris i 2010, og var nominert til Spellemannsprisen. I 2011 kom han ut med "Seljord anno 1935" som blei sleppt på Landskappleiken i Seljord, fredag 1. juli - som eit resultat av at han vann platekontrakt hjå plateselskapet ta:lik da han vann Landskappleiken i 2010. Denne blei også nominert til FolkeLarm-prisen 2011, og fekk terningkast 5 i Varden og Telemarksavisa og terningkast 6 i bladet Folkemusikk. I 2012 bidrog han på bluesmusikar Jens Haugen sitt album "Other streets". Låta "Rememberance", der Per Anders er solist, blei nominert til Intenational Songwriting Competition (ISC) i klassa for instrumental. Her sat m.a. Tom Waits og Jeff Beck i juryen. Same året var han med på popgruppa Odeon sitt album "Beauty in Bloom". I 2013 var han med på albumet "W. - musikk av Hans W. Brimi" både i saman med resten av Hått og som solospelemann. I 2014 var han ein av medmusikarane på Agnes Buen Garnås sin bok og CD-produksjon "Sull". I 2015 gav han ut albumet "Greinir", der han spelar eigenkomponerte slåttar. Denne CD-en blei nominera til Spellemannsprisen og vann FolkeLarmpris i klassa for solo. Same året gav han og resten av bandet Byting ut debutCD-en "Byting". I 2016 gav Per Anders og resten av bandet Byting ut CD-en "Livets Galleri". Same året var han med på jazzmusikar Cecile Authen sitt album "Astrid mi Astrid". I 2018 gav han ut EP-en "Sladrehank" saman med resten av bandet Byting. I 2022 gav han ut to CD-ar i høve 20-årsjubileet som albumartist. Dette var høvesvis "Anno 2001", med innspelingar frå 2001 som ikkje kom med på fyrste albummet – og "Anno 2021", med nye innspelingar. |