PER ANDERS BUEN GARNÅS - HARDINGFELESPELEMANN
  • Heim
  • Biografi
    • Stutt biografi
    • Detaljert biografi
  • Kontakt og booking
  • Diskografi
    • Anno 2001 og Anno 2021 >
      • Anno 2001
      • Anno 2021
    • Greinir
    • Seljord anno 1935
    • Salme, segn og solbøn
    • Warg Buen
    • Åleine
  • Musikk
  • Video
  • Skriveri
  • Foto
  • Podkast
Picture



​Anno 2001
og
Anno 2021

​
​20-årsjubileum som plateartist

​​I 2001, i ein alder av 21 år, spela eg inn det fyrste soloalbumet mitt, Åleine, som kom ut på plateselskapet Nyrenning / Buen Kulturverkstad i 2002.

Dette albumet hausta gode kritikkar, fekk m.a. terningkast 5 i VG, og var den
​fyrste CD-en med klassisk slåttespel som i det heile blei meldt i Noregs største papiravis.
Åleine blei òg nominert til Spellemann.

Til denne utgjevinga spela eg inn heile 63 slåttar, og etter ein hard utveljingsprosess blei 25 av desse til slutt med på den fullstappa CD-en.
I 2021 fekk eg tak i råopptaka, og kom på at det nå var heile 20 år sidan denne innspelinga gjekk av stabelen.

Mens eg høyrde gjennom desse opptaka, oppdaga eg at mange av slåttane som måtte veljast vekk i 2001 ikkje var noko dårlegare gjennomført enn dei som blei med på Åleine.

Då dukka idéen om å markere 20-årsjubileet opp, og plateselskapet ta:lik sa seg viljuge til å gjeva ut dei beste av dei resterande slåttane frå denne innspelinga.

Dette har resultert i CD-en Anno 2001.

Sist eg spela inn ein CD var i 2013.
Då blei Greinir lydfesta - eit heilt album med berre eigenkomponerte slåttar.
Greinir kom ut på plateselskapet ta:lik i 2015.

Sidan det byrja å bli lenge sidan sist eg hadde gjeve ut noko nytt, var det heilt naturleg å markere jubileet ved å lansere ferske opptak i tillegg til dei frå 2001 - spela inn og gjeve ut 20 år etter Åleine.

Rett før jol i 2021 blei nyinnspelinga gjennomført, og i 2022 er desse tilgjengelege på CD-en Anno 2021.

Anno 2021 har eit ganske anna utgangspunkt enn Anno 2001.
Difor, men også på grunn av tidsdifferansen på 20 år, innspelingslokale og -situasjon, og ikkje minst utval av slåttar, vil desse to albuma stå fram som to ganske ulike produksjonar.

Men felles for CD-ane er den stadige respekten for tradisjonen, læremeistrar og inspirasjonskjelder -
og for slåttemusikken i seg sjølv.
Picture


Anno 2001

​
Les meir om Anno 2001 og slåttane, kjeldene etc ved trykke på CD-en: 

Picture


Anno 2021

​
Les meir om Anno 2021 og slåttane, kjeldene etc ved trykke på CD-en: 

Kjøp albuma her:
Picture
Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Heim
  • Biografi
    • Stutt biografi
    • Detaljert biografi
  • Kontakt og booking
  • Diskografi
    • Anno 2001 og Anno 2021 >
      • Anno 2001
      • Anno 2021
    • Greinir
    • Seljord anno 1935
    • Salme, segn og solbøn
    • Warg Buen
    • Åleine
  • Musikk
  • Video
  • Skriveri
  • Foto
  • Podkast