I bladet Folkemusikk har "Seljord anno 1935" fått terningkast 6 av anmeldar Sigbjørn Apeland.
Ӂ nytta
særskilde årstal eller tidsperiodar som utgangspunkt for konsert- eller
plateproduksjonar er først og fremst noko dei ’klassiske’ musikarane har drive med. Folkemusikarar
er gjerne opptekne av særskilde kjelder og geografiske område, men eit så tidsmessig
konsentrert fokus som dette er noko nytt.
Utgangspunktet var ein premie
(plateproduksjon for vinnaren i A-klassa i hardingfele under Landskappleiken
2010), og eit oppdrag (frå plateselskapet ta:lik) om å tematisera produksjonen
rundt bygda Seljord. I fylgje det svært informative og velskrivne tekstheftet
(spelemannen briljerer med sin fagprosa!) var 1935 eit år der det krydde av
gode spelemenn i Seljord. Alle slåttane på plata har såleis dette
utgangspunktet.
Buen Garnås har lært direkte av Eivind Mo. Elles har han lært
slåttane etter opptak med Torkjell Haugerud, Høye Kvåle, Kjetil E. Flatin,
Eilev Smedal og fleire.
Opptaka er gjort i Bø kyrkje, og
teknikar Anders E. Røine har funne den gode balansen som gjer at spelet
kjennest nært samstundes som rommet kling med.
Spelet er dynamisk, men utan at
det verkar teatralsk og poserande. Både rytmisk og klangleg er det noko lett
over spelet som vitnar om ein sterk kombinasjon av kontroll og overskot til å
formidla.
Som heilskap er denne produksjonen
eit glimrande døme på at eit historisk, nærast musealt utgangspunkt av ein god
spelemann kan la seg omsetja til levande spel på høgaste nivå.
Sigbjørn Apeland ”
Sending Data
Taking too long?

0 Comments
You must be logged in to post a comment.
Sign in or create an account