ta:lik
PER ANDERS BUEN GARNÅS
(Foto: Arne Svalastog)
Per Anders Buen Garnås er fødd i 1980 og vaks opp i Bø i Telemark.
Som 6-åring byrja han å spela hardingfele i musikkskulen i Bø, inspirert av to onklar; Hauk og Knut Buen, som heile tida har vore føredøme og læremeistrar for honom. Etterkvart blei han kjend med dei beste levende spelemennene i heimfylket, og fekk lære av dei alle – slike som Einar Løndal, Eivind Mo, Anund Roheim, Bjarne Herrefoss, Olav K. Øyaland og Gunnar Innleggen.
Elles har han lytta og lært der han har vore, og også bruka mykje tid på å høyre på arkivopptak med spelemenn han ikkje rakk oppleva.
Utdanning og erfaring
Per Anders opptredde aleine for fyrste gong på offentleg konsert allereie som 10-åring, under Telemarkfestivalen 1990. Sidan den gong har han vore å høyrt både på konsertscenar, kappleikar, CD-ar og på TV- og radio i ulike samanhengar. Som 13-åring var han deltakar i ”Den internasjonale talentscenen” på TV2. Berre 15 år gamal hadde han sitt fyrste program på NRK P2, saman med sambygdingen Torgeir Straand. Som 18-åring hadde han ein eigen folkemusikktime på same kanal. Same året blei han også portrettert i TV-utgåva av programmet ”Halvbror til reven” på NRK. I seinare år har han også blitt bruka som fagmann innan hardingfele i ei fast spalte i folkemusikktimen.
I 1998 tok han også fatt på to år med formell fordjuping i slåttemusikk på Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, noko han avslutta i 2000. Etter den tid har Per Anders Buen Garnås levd av felespel både på heiltid og deltid, og forutan om å ha spela i mange ulike samanhengar her i landet, har han også formidla musikken sin i andre land opp i gjennom åra; t.d. Sverige, Danmark, Finland, Estland, Latvia, Russland, Østerrike, USA, Shetland og Bangladesh.
Som rein tradisjonell solospelemann har han hatt ei rekkje konsertar med jamne mellomrom aleine eller saman med andre solistar og utøvarar på dei fleste folkemusikkscenar i landet. Døme på dette er den ærefulle Borgjakonserten under Telemarkfestivalen,som han blei tildela i 2004 – og konserten han hadde i lag med Ingebjørg Bratland på Riksscenen i Oslo i februar 2011, som den fyrste i konsertserien "Tett på". Begge desse konsertane blei sende i sin heilskap i NRK P2. Andre døme er solokonsertane han har hatt under ein konsertserie i regi av plateselskapet Ta:lik i 2011.
Sjølv om Per Anders har veldig stor elsk til og fokus på den tradisjonelle slåttemusikken, har han også samarbeidd med folk i meir eksperimentelle samanhengar, både saman med andre folkemusikarar, men også med utøvarar med bakgrunn i jazz, forfattarskap, gammaldans, teater, kyrkjemusikk, klassisk musikk, samtidsmusikk, country/bluegrass, blues og hip-hop. Nedanfor kan ein lesa om døme på slike prosjekt.
I 1998 var Per Anders Buen Garnås med på å starte gruppa ”Hått” saman med Anders Erik Røine på gitar og Nils Øyvind Bergset på trekkspel. Desse tre har sidan vore å høyre med jamne mellomrom både på konsertar og dansefestar i Folkemusikk-Noreg.
I 1999 gjekk han inn i eit samarbeide med forfattaren og skribenten Eivind Blikstad om programmet ”Sagn og slått”. Dette resulterte i fleire framsyningar som duo, men også saman med skodespelaren Ola Otnes. På same tid blei programkonseptet ”Jeg løfter mine øyne mot fjellene” utvikla, der Per Anders og Blikstad fortsette samarbeidet og fekk med seg kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås og organisten Knut Arne Snøåspå laget. Dei komande åra var det mogleg å oppleve denne kyrkjekonserten rundt om i dei fleste kyrkjer i Telemark, men også utanfor fylket. Dette konseptet utvikla seg seinare til eit duo-prosjekt mellom syskena Buen Garnås, som fekk namnet ”Salme, segn og solbøn”. Dette solistiske konseptet var å høyre fleire stader i 2010 og 2011. Per Anders turnéra også saman med syster si i 2003 med hennar prosjekt, ”På Grønalihei”, der også Anders Røine og Harald Høyvik på høvesvis gitar og bass var med.
I 2001 var Per Anders på rikskonsertturné saman med hiphop- og jazzmusikarane MJ (Morten Joakim Vatn) og Alis (Aslak Hartberg) kjende frå Oslo Fluid, Yoga Fire og Klovner i Kamp. Dette var i høve 200-årsjubileet for Møllarguten, og gjekk under namnet ”Møllers 2000”.
Same året var han ein av to solistar i det nykomponera stykket ”Nyslått” av Henrik Ødegaard, noko han framførte fleire stader saman med spelemannen Torgeir Straand og Telemark Kammerorkester. Dette blei seinare teke opp att i 2005 i samband med CD-utgjeving av verket. I 2001 var han også med som skodespelar og musikar i ”Evjuspelet”. Seinare fekk han meir erfaring med teater, m.a. i storsatsinga ”Dødsdansen på Norefjell” i 2005 under Folkemusikkveka på Ål, der han både hadde hovudrolla og var spelemann under fem fulle førestillingar. Han var også ein av tre musikarar i teaterstykket ”Spelet om Olav Mannslagar” under Seljordspelet 2009.
I Landstadåret 2002 reiste Per Anders mykje rundt saman med føredragshaldar Jon Landstad, kvedaren Agnes Buen Garnås og organisten Sigbjørn Apeland med programmet ”Han rider den mørke natt” i ulike konstellasjonar både som duo, trio og kvartett. Saman med mor si Agnes har han hatt fleire samarbeid. Døme på dette er programmet ”Åleine”, der dei hadde med seg Ingebjørg K. Vesaas, som er moderne dansar. Desse tre reiste ein del rundt med dette programmet frå 2003 til 2007. Stundom opptredde berre Per Anders og Ingebjørg òg. I seinare år har Agnes og Per Anders reist mykje rundt med konserten ”Kivlemøyane møter Olav Åsteson”, der begge opptrer som solistar.
I 2006 byrja Per Anders Buen Garnås og spelemannen Daniel Sandén-Warg for alvor å spela saman. Dette blei etter kvart til duoen Warg Buen, som har hatt fleire konsertar rundt om i det ganske land fram til i dag. M.a. var dei på turné saman i 2008 i regi av Den norske Folkemusikkscena. I 2011 hadde dei også med seg Anders Røine på opningskonserten under Folkemusikkdagane i Porsgrunn, der dei opptredde som trioen Warg Buen & Røine.
Frå 2005 til 2008 opptredde Per Anders Buen Garnås mest som solist i tillegg til i dei faste allereie innarbeidde konstellasjonane. Men i 2008 og 2009 samla han fulle salar i store delar av landet i eit nytt samarbeide. Saman med Aasmund og Odd Nordstoga hausta han da stormande applaus med programmet ”Storegut”. Dette programmet blei i 2010 og 2011 også framført eit par gonger utan Odd, men med Åsmund Reistadsom gitarist. Det kan også nemnast at Per Anders også har medverka på eit par av Odd Nordstogas konsertar elles - på sleppet av Nordstogas album, "November", i 2010 og på konsert under Telemarkfestivalen 2011.
I 2009 reiste Per Anders på turné saman med
spelemannskollega Olav Mjelva, der
dei rett og slett reiste rundt som
to solospelemenn på tur. Dette året
byrja han også å samarbeide med kvedaren Unni
Boksasp og folkedansaren Sigbjørn
Rua, kjend frå danseensemblet ”Frikar”. Desse tre har sidan reist mykje
rundt under namnet ”Sty”. M.a. hadde dei innslag under VM i Telemarkkøyring på
Gaustablikk i 2011, samt konsert på Slåttefestivalen i Hjartdal same år.
Som døme på eitt av dei mange gjæve oppdraga Per Anders har hatt i utlandet, kan det nemnast at han var norsk representant på minnekonserten over Tom Andersson på Shetland saman med Annbjørg Lieni 2010.
Per Anders har også komponera ein del nye slåttar for hardingfele, og nokon av desse har allereie gått inn som ein del av det faste repertoaret til andre spelemenn. Fire slåttar har han dikta som bestilling frå høvesvis Telemarkfestivalen, Kviteseidmarken og folkemusikkfestivalen Árinn.
Han har også vore nytta mykje som lærar på hardingfele gjennom ymse kurs, men også i Kulturskulen, musikkliner ved vidaregåande skular og på høgskular som Ole Bull Akademiet og ved folkemusikkstudiet på Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland.
I tillegg er Per Anders også nytta ein del som skribent, og han har trykte fagartiklar bak seg i t.d. Telemarksavisa, Varden, Telemark Tidend, Årbok for Norsk Folkemusikk og Spelemannsbladet.
Prisar og kappleikar
I 1998 blei han tildela Øivind Bergs minnepris
under Peer Gynt stemnet på Vinstra. Og han har elles fått prisar i heimbygda Bø
for sin representasjon.
Per Andres Buen Garnås spela seg allereie som 19 åring
opp i A-klassa på hardingfele på Landskappleiken i Oppdal. Bak seg hadde han da
mange 1. premiar og sigrar frå større og mindre kappleikar rundt om i landet. M.a.
vann han juniorklassa på hardingfele under landskappleiken tre år på rad, i
høvesvis 1994, 1995 og 1996. I 1999, 2000, 2001 og 2005 blei han kåra til Årets
Fanitull under Folkemusikkveka på Ål, og har såleis vunne Olav Thons
vandrepokal heile 4 gonger. I 2002 blei
han tildela Telemarkstipendet for ”framifrå kulturinnsats tufta på
tradisjonar, men med ope sinn for nyskaping og kulturell brubygging”.
I 2003 spela han seg opp i finalen på Landskappleiken på Gjøvik og vann, og blei slik Noregsmeister. Det same gjorde han på Voss i 2010, og er slik 2 gonger Noregsmeister. I tillegg har han blitt Fylkesmeister ei rekkje gonger. I 2006 vann han Postens festivalspel, for beste dansespel under Telemarksfestivalen, samt Ingebjørg K. Bø’s minnepris, som beste deltakar uansett klasse på Setesdalskappleiken. Det same gjorde han i 2010. I 2010 vann han også Folkelarmprisen saman med syster si for CD-en ”Salme, segn og solbøn”.
Diskografi
I 2001 kom han ut med sin fyrste CD, ”Åleine”, som hausta mykje fagnad. Denne plata fekk terningkast 5 i VG, og blei samtidig den fyrste reine folkemusikkplata som blei meldt i landets største avis. ”Åleine” blei nominert til Spellemannsprisen.
Han har elles m.a. medverka som arrangør på den mykje omtala CD-en til Agnes Buen Garnås, ”Han rider den mørke natt”, der han saman med medmusikantane også hausta veldig gode kritikkar for musikken sin. I tillegg er han med som medmusikant på ”På Grønalihei”, og også på suksessalbumet ”Luring” med Odd Nordstoga. I 2005 bidrog han på CD-en ”Nostos” , saman med Torgeir Straand og Telemark Kammerorkester.
I 2009 gav han ut ”Warg Buen” saman med Daniel Sandén-Warg, som blei nominert til Folkelarm-prisen 2008, og i 2009 gav han ut ”B-burger” som spelemann i trioen Hått. ”B-burger” blei nominert til Folkelarm-prisen 2009.
I 2010 kom han ut med CD-en ”Salme, segn og solbøn” saman med Ingvill Marit Buen Garnås. Denne fekk Folkelarmpris i 2010, og var nominert til Spellemannsprisen.
I 2011 kom han ut med "Seljord anno 1935" som blei sluppe på Landskappleiken i Seljord, fredag 1. juli - som eit resultat av at han vann platekontrakt hjå plateselskapet ta:lik da han vann Landskappleiken i 2010. Denne blei også nominert til FolkeLarm-prisen 2011, og fekk terningkast 5 i Varden og Telemarksavisa og terningkast 6 i bladet Folkemusikk.
Sending Data
Taking too long?
